Oss er ein evig Frelsar født

Oss er ein evig Frelsar født

Englene sang den Først for markens hyrder

Skjønt fra sjel til sjel det lød; Fred over jorden

Menneske fryd deg, oss er en evig Frelser født.

I fjor stod eg og såg utover Betlehemsmarkene i desember. Det er utrulig og heilt fantastisk det som skjedde der ute.

Gjeterane sat og varma seg rundt bålet. Brått stod det ein Herrens engel framfor dei og Herrens herlighet lyste rundt dei. Naturligvis vart dei redde. Veldig redde. Dette var noko dei kun hadde høyrt om kunne skje i Skriftene. Disse gjeterane som var kjende for å være tøffe og uredde. Ofte måtte dei kjempe mot ville dyr. No vart dei fælande redde.

Men engelen seier til dei. Frykt ikkje! Sjå eg forkynner dykk ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det født dykk ein Frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og dette skal de ha til teikn: De skal finne eit barn som er svøpt og ligg i ei krybbe. Brått var heile den mørke nattehimmelen opplyst av tusenvis av skinnande englar som lovpriste Gud og sa; Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i.

Då skunda gjeterane seg avstad for å sjå dette som hadde hendt og som Herren hadde kunngjort dei.

Dei fant stallen der Maria, Josef og Jesus var. Og dette er det virkelige underet. At Jesus blei menneske uten arvesynda frå Adam. 100% menneske av kjøt og blod  0g 100 % Gud med sjel og ånd. Han som var Gud var villig til å ikle seg eit menneskes skikkelse for å bli min og din Frelsar.

Så la denne songen klinge i hjertet ditt denne jula.

MENNESKE FRYD DEG! OSS ER EIN EVIG FRELSAR FØDT!

Gledelig jul.