Tankar etter Lederkonferansen i Imf 2017

Tankar etter Lederkonferansen i Imf 2017

«Her er eg, Herre.»

Etter ei helg på leiarkonferanse i Imf har eg begynt å tenke på dei som var dei første pionerane i Bygstad Indremisjon. Vi les i dei gamle referata frå Bygstad Indremisjon at når veneflokken hadde vore på storsamling i Bergen vende dei heim att storleg velsigna. Allereie på veg heim starta dei å planlegge arbeidet.

No kjenner eg på same gløden som dei gamle må ha hatt etter at vi er fleire frå Bygstad Indremisjon som har vore tre dagar på Lederkonferanse i Imf. Vi møtte representantar frå fleire forsamlingar som er i same situasjonen som oss her i Bygstad. Vi har fått planlegge arbeidet framover, inspirere kvarandre og vi har bedt for og med kvarandre.

Bygstad Indremisjon skal vere med eit nettverk over ein treårsperiode med fokus på vekst i forsamlinga. Første samlinga var no under Lederkonferansen, neste samling skal vere på Bryne i april 2018. Vi i Bygstad indremisjon vil setje oss mål, langsiktige og kortsiktige del-mål. Viktig for oss som var med at vi får formidla det som vi opplevde på ein god måte og at de som er med i vår samanheng får del i den same gløden for arbeidet og måla vi ønskjer å nå.

Eit av våre hovudmål må vere at fleire må møte Jesus til frelse.

Eit av fleire tema under nettverket var å tenkje oss inn i framtida korleis den ville sjå ut på kristenfronten. Det vart vanskeleg å sjå dei positive tinga gjennom dei mørke skyene som vi ser i horisonten. Då vart vi minna om det som står i

Mat 16, 18 – 19 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.

Men om ting ser mørkt og svart ut så er det ikkje vi som skal byggja i eiga kraft. Jesus seier EG vil byggja og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. Dette løftet må vi ikkje gløyma om vi møter motstand og det ser mørkt og tungt ut.

Så er spørsmåla: Kjenner vi han som vil vere byggmeisteren? Er vi som kristenfolk i Bygstad i stand til «å lese teikningane og lede bygningsarbeidarane på den rette vegen?» La oss bli kjend med Jesus slik at omsorga for dei ikkje kristne vert større. Det kan føre til at vi må ta eit oppgjer i vårt eige liv. Det å la Jesus kome nærare vil utvilsamt føre til kamp om val som har relevans i liva våre. Som menneske føler vi oss tryggast når vi ikkje utfordrar komfortsona vår. Eg kjenner for eigen del at dette med å sleppe Jesus så nær at han ikkje er «berre for hand», men er med og styrer livet mitt fullt ut, kan følast krevjande. Eg håper vi kan vinne over denne frykta og sleppe Jesus til i våre liv på tross av våre innvendingar og seie som Annanias: «Her er eg, Herre.» Apg 9, 10. På den måten vere opne for oppgåvene som kjem i vår veg om det stundom kan virke skummelt og uoverkommeleg.

Ver med og støtt opp om arbeidet i Bygstad Indremisjon. Bed for dei som skal vere leiarar.

 

Ein komentar

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *