Korleis er søndagsmøta?

Korleis er søndagsmøta?

Våre søndagsmøter er fellessamlinga for bedehusfamilien. Her samlast store og små på tvers av generasjonane for å tilbe og lova Gud med song og skriftlesning.

Vi startar gjerne denne samlinga med ein felles del der alle er samla. Når dei vaksne skal høyre tale går borna til søndagsskule. For tida har vi 2 søndagsskuleklassar, ein for førskuleborn og ein for skuleborn.

På nokre møter feirar vi også nattverd.

Etter møtet stoppar vi igjen for å prate med kvar andre over ein kaffikopp/saft og kanskje noko å bite i, dette er gratis.

Søndagsmøtene varer ca 1,5 – 2 timar.