Grensa for skattefrådrag på gåver til frivillige organisasjonar aukar

Grensa for skattefrådrag på gåver til frivillige organisasjonar aukar

Bygstad Indremisjon får ein stor del av inntektene sine gjennom gåver og kollektar. 2016 er forbi og vi kan sjå tilbake på eit år med mange fine gåver til Indremisjonen. Det er særs viktig for ein organisasjon som oss som har faste månadlege utgifter at vi også har faste inntekter. Ordninga med fast givarteneste har vore ei stor hjelp for oss. Stor takk til kvar og ein som er med og gir.

For inntektsåret 2017 har grensa for skattefrådrag auka frå kr 25.000 i 2016 til kr 30.000 i 2017. For dykk som har anledning kan dette vere eit høve til å auke det månadlege beløpet. For dykk som ikkje er med på fast gjevarteneste vil eg oppfordre til å melde dykk på. Last ned sjema eller ta kontakt med kasserar.