Bygstad Bedehus

Bygstad Bedehus

Bygstad Bedehus har vore eit begrep i fleire mannsaldrar her i Bygstad. Heilt sidan Bygstad Indremisjon vart stifta i 1902 har indremisjonsfolket ivra for bedehuset. Det første huset vart bygt nede i Eidevikja og vart viksla i 1905. Det tente folket i mange år. I 1977 vart nytt bedehus viksla på Eide, ikkje langt frå kyrkja.

Bedehuset er ein viktig resurs i arbeidet til Bygstad Indremisjon. Likevel er det også ei utfordring å vere huseigar. Det er alcropped-IMG_0038-e1457904419190.jpgltid eit eller anna som skal haldast vedlike og fornyast. For ei tid tilbake har styret for Bygstad Indremisjon nemt opp ei gruppe på 4 personar som skal arbeide med det praktiske på bedehuset. No er bedehuset 40 år og det er trong for ei større opprusting. Dette vil verte hovudoppgåva til «bedehusgruppa» i tida framover. Aktiviteten på bedehuset har auka monaleg og vi må sjå på korleis vi kan få til eit hus som kan tene oss i dei neste 40 åra. Vi er i ein planleggingsfase for å finne ut kva som må gjerast og korleis.

 

Soga åt bedehuset

Soga åt Bygstad Bedehus Det går fram av gamle referat at eit tiår før Bygstad Indremisjon var skipa så hadde indremisjonsfolket hatt tankar om å byggje bedehus. Likevel vart det ikkje noko av før i 1904 etter at nokre av indremisjonsflokken hadde vore i Bergen på møte og kom velsigna tilbake. På veg heim diskuterte dei om det let seg gjera å komme igang med å byggje…