Soga åt bedehuset

Soga åt bedehuset

Soga åt Bygstad Bedehus

Det gamle bedehuset som vart bygt i Eidevikja i 1905

Det går fram av gamle referat at eit tiår før Bygstad Indremisjon var skipa så hadde indremisjonsfolket hatt tankar om å byggje bedehus. Likevel vart det ikkje noko av før i 1904 etter at nokre av indremisjonsflokken hadde vore i Bergen på møte og kom velsigna tilbake. På veg heim diskuterte dei om det let seg gjera å komme igang med å byggje bedehus. Dei såg også trongen for å få ein stad og samlast sidan det var så få som ville gi husrom til møter. Allereie på veg heim starta innsamlinga til huset.

Etter at dei kom heim vart det halde eit møte i det stille for å drøfte tanken om eit bedehus. Etter kvart vart det kjent blant folk, og tanken om eit felles hus for indremisjonsforeininga og den frilynde ungdomsforeininga var tilstades. Desse planane stranda og det oppstod ein del harme blant dei to foreiningane. Indremisjonsfolket starta og bygge på bedehuset i Eidevikja og straks etter starta dei andre på sitt bygg på Reita.

«Dette blev først færdigt paa grund af dets simple konstruktion og materiale.» Sitat frå indremisjonsprotokollen.

Det må ha vore ein imponerande arbeidsinnsats som vart lagt ned på begge plassar når vi veit at arbeidet vart starta på nyåret 1905. Vi les vidare i referata at Bygstad bedehus var ferdig til å innviast i slutten på juni 1905.

«Aarsindremisjonsmødet blev afholdt i Bygstad i slutningen af juni 1905, og til den tid blev huset færdigt og indvielsen af huset fandt sted dagen før det egentlige aarsmøde. Præsten Gloppestad lovede at komme og holde indviel-sestalen, men kom dog ikke, og emisær A. Madsen holdt indvielsestalen, saa varmt og indtrengende at enhver fik erfare at Gud i særegen forstand var til stede og velsignede den enkelte af den store masse som var fremmødt. Forsamlingen blev talt ved udgangen og det viste sig at der under mødet var 768 mennesker til stede, men saa stod de ogsaa tetstuvede i hver eneste krog. Der var folk fra Korssund, Folkestad, Askvold, Holmedal og Dale. Desuden fra Bygstad, Sande, Viksdalen og Førde. Vennerne i Bygstad fik paa dette møde rigelig erfare at Gud alt var begyndt at tage sig af vort arbeide og velsigne os.»

For oss som hugsa det gamle bedehuset er det utruleg at det kunne vere plass til så mykje folk. Då var det heller ikkje kor og matsal.

Seinare er det ikkje så mykje å finna av informasjon om sjølve bedehuset. I samband med at Bygstad kyrkje vart reven og bygt opp att vart bedehuset brukt som kyrkje.

Etter kvart vart huset for lite og i 1935 kunne ein lese i:

  • Firda Folkeblad: 22.02.1935

Bygstad Bedehus 30 år.

I år er det 30 år sidan Bygstad Bedehus bygt i Eidevik. Huset vart bygd i 1905, same året som Bygstad Ungdomshus vart uppsett. Bygstad Bedehus er no lite tidhøveleg, og attåt er det forlite, både til møter og festar, takka vere den store tilvokster bygdi hev havt sidan huset vart uppsett i 1905. Det hev soleis lenge vore tala um anten byggja nytt hus eller også flyttja det gamle, og so byggja på det, so det kann fylla dei krav tidi set til det. Men det som er i vegen for at dette ikkje enno er gjort er grunnspursmålet og pengespørsmålet, men det vert no samla pengar til byggefond, og dette veks år for år so ein kann snart venta at noko vert gjort med huset.

Meldar.

Godt og vel to år seinare les vi i same avis at dei moderniserer bedehuset.

  • Firda Folkeblad: 20.08. 1937

Bygstad bedehus er i sumar under stor utviding og modernisering. Det er byggmeister Slåtten frå Førde som har stade fyre arbeidet.

Vi veit at under krigen så vart bedehuset rekvirert av tyskarane. Det førte til at huset vart veldig nedslite og etter fleire forsøk på å pusse opp, kom ein ikkje opp i ein standar som var tenleg. Mot slutten av sekstitalet vart skulen og kyrkja meir og meir nytta til forsamlingslokale for indremisjonen. Etter kvart så veks tanken på at ein treng eit nytt bedehus.

Så i 1971 vart dette skrivet presentert for bygdefolket:

NYTT BEDEHUS I BYGSTAD

Kjære bygdefolk!

I dag presenterer vi ei oppgåve som gjeld oss alle. Bygda vår treng nytt bedehus, og vi vil med dette be DEG vera med å ta eit krafttak for denne saka. Vi har tomt 40m nord for kyrkja, ein plass som eignar seg svært godt og som stettar dei krava vi set for å nytta huset på beste måten.

EIT STORT SAMFUNNSBEHOV MÅ LØYSAST I BYGDA

Vi kan såleis nemna:

  • Vi har planar om å byggja matsal med tidhøveleg kjøken som kan nyttast til gravferder, bryllaup, kyrkjekaffi, bispevisitas og servering ved større stemner der møta vert haldne i kyrkja.

ROM FOR LAGSARBEID MELLOM UNGDOM

  • Bygda vår vantar høveleg husvære for foreiningsarbeid, og til dette føremålet vil vi byggja ein mindre sal (peisestove) som i andre høve kan nyttast saman med storsalen. Sundagsskulen bør delast der eine klassa er i småsalen, medan den andre klassa samlast i kyrkjestova. Peisestova kan elles brukast i ungdomsarbeid der ungdomen m.a. samlast til kosekveldar.

DEN KRISTNE ARVEN

  • Men hovudoppgåva vert likevel å fremja det frie lekmannsarbeidet i kyrkjelyden. Vi har i år feira 200-års minne for Hans Nilsen Hauge som var ein banebrytar i dette arbeidet. Og det er denne arven vi må føra vidare. Vi lever i ei avkristningstid, og arbeidet for Guds rike er viktigare enn nokon gong før. «Guds ord det er vår fedrearv, til søner skal det ganga,» syng Grundtvig. Vil DU vera med på å føra denne arven til komande slekter? Vil DU vera med å berga borna og ungdomane våre ut or den antikristelege og verdslege ånda som i dag så sterkt dreg dei bort ifrå den Herre og Frelsar dei er døypte til? DU har døypt, eller vil døypa borna dine. Men er det då ikkje naturleg at du på denne måten er med å fullføra den lovnaden der DU lova å gjera ditt til at barnet vart verande hjå Gud.

Vi vil med dette vere med å hindre dei mange utglidingar som trugar med å utsletta dei moralske og etiske verdiane foreldra våre og vi har kjempa for. Vi maktar ikkje ved eiga kraft å verna ungdomane våre frå dei veldige narkotikabølgjene som slår innover landet vårt i dag. Men vi har plikt på oss å gjera vårt til at det kristne livssynet framleis må vera det berande i vårt folk.

DIFOR TRENG VI NYTT BEDEHUS

Det er til dette arbeidet vi be DEG om eit OFFER for å reisa bedehus i Bygstad. VI torer ikkje ta ansvaret for at saka om nytt bedehus vert skuva over på ein seinare generasjon. Vi torer heller ikkje å skuva ansvaret over på våre sambygdingar utan at vi sjølve -EG- ofrar min del. Du må ikkje lita på at «grannen» din ofrar. Det er DU som må vera med. Vi må lyfta i flokk og ta eit kjempetak for denne viktige saka.

KJENN DITT ANSVAR I TIDA!

Vi reknar med ein byggjekostnad på ca. 300 000 kr., og ei byggjetid på 3 år. I nærmaste framtid vil DU få presentera ei liste der DU skriv på kor mykje DU kan ofra i 1971-1972-1973. Det er offeret DITT som er med og bestemmer om vi kan setja dette arbeidet i gong. Ver merksam på at det er lånte verdiar DU forvaltar.

Johs. 3,27: «Eit menneske kan ikkje få noko utan det er gjeve han frå himmelen.» 1. Kor. 4,7 «Og kva hev de, som du ikkje hev fenge?»

Vi kan nemna at under eit mindre samvær, sa fleire seg viljuge til å ofra 5000 kr. pluss dugnad. Ein annan stad her i fylket var det nyleg vigsla eit bedehus. Fyrste gåva til dette bedehuset var får ein privat som gav 50 000 kr. Vi er takksame for alle gåver både store og små.

BYGSTAD INDREMISJON,

Bjørnulv Lunde

Vi vil på det varmaste stø denne innsamlinga, og be om at kvar einskild sluttar opp om henne.

Steinar Helgheim, sokneprest. Kristian Lien, ordførar.

I 1977 vart bedehuset vigsla og eg siterer avisreferatet:

BYGSTAD NYE BEDEHUS VIGSLA

Eit nytt sterkt vitnemål om «Huset som ikke ville dø». Det nye bedehuset i Bygstad vart innvigd sundag 28. august d.å. (1977). Folket i denne fagre Sunnfjordsbygda hadde fylt huset, samen med vener frå nabobygder, då formannen i Bygstad Indremisjon, Bjømulv Lunde, ynskte velkomen og helsa med orda frå salme 118,24: «Dette er dagen som Herren har gjort. La oss fagnast og gleda oss no!» Generalsekretær Rolf Onarheim talte ved føremiddagssamværet og heldt innviingstalen, etter at heile forsamlinga på om lag 300 var bedne til bords til god middag, kaffi og kaker i den vakre matsalen. Det er Bygstad Indremisjon ved styret som har hatt hovudansvaret for reisinga av bedehuset. Og det var forvitneleg å få eit og anna glytt frå ymse sider av det som hadde hendt i byggjetida. I eit historisk attersyn nemnde indremisjonsformannen mellom anna at ein i 1966 tok opp tomte- spørsmålet. Men først i 1971 vart det ordna, og året etter tok arbeidet til. Kalkylane den gong lydde på kr. 420 000,-, sjølvsagt mykje for lågt, men godt var det, som Lunde sa, elles hadde vi ikkje tatt vågnaden med eit så stort økonomisk lyft. Han nemnde at huset nå lågt kalkulert, kosta ca. 630 000 kr. I denne summen var medteke 4 400 timeverk i dugnad a kr. 20,-. Kommunen hadde gjeve 40 000 kr. Men dei store summane var komne inn ved gåvelister og andre innsamlingar, ofte på underleg måte då det røynde på. Nå kunne han opplysa at bedehuset faktisk var gjeldfritt. I inviingstalen på ettermid- dagssamlinga bruka gen. sekr. Onarheim uttrykket frå D.V.I. sitt 75 års skrift om bedehuset: «Huset som ikke ville dø.» Dette nye bedehuset, så vakkert, lyst og stilreint, er eit nytt og steikt vitnemål om sanninga i denne satsen. Og det er vekkingane, venesamfunnet og misjonskallet som bedehuset på ein særskilt måte har vore berar av i norsk kristenliv.

Bedehuset og forkynnaren – emissæren – har vore mykje forakta og baktala av vantrua sine born. Men det er heller ikkje mange som har vore omfatta med ein slik kjærleik og omsut som desse to som høyrer så nøye saman, sa Onarheim m.a. Til sist kom han med ein sterk appell om også å reisa forkynnarkallet og forkynnaren mellom oss. For eit bedehus utan forkynnar kan ikkje fungera rett. Medan forsamlinga stod, under skriftlesinga og bøn, vart Bygstad bedehus innvigd i Faderens og Sonens og Den Heilage Andes namn. Det var ei gripande høgtid. Likeins då nestformannen, Olav Lien, med varme ord og takk til Lunde og kona for deira store innsats, gav dei som minnegåve: «Kristus-kvadet» av Trygve Bjerkreim. Det var elles helsingar frå m.a. kyrkja ved soknepresten, Misjonssambandet ved sekr. Bjørsvik, D.B.I. ved sekr. Aasen, og frå kommunen ved ordføraren.

Styret i BI. i byggjetida:                                  Byggenemnda:

Magnus Fauske                                               Anton Eide

Sigurd Fauske til 1974                                    Birger Kårstad

Birger Kårstad                                                 Kristian Lien, sekretær

Marie Lien, sekretær                                       Olav Lien

Olav Lien                                                         Bjømulv Lunde, formann

Bjørnulv Lunde, formann                                Oddrun Otterstad

Oddrun Otterstad                                             Anny Rusken

Reidar Lervik frå 1974

Det var mange underlege ting ein kunne fortalt om bygginga av bedehuset i Bygstad, alle prøvingane som melde seg undervegs. Eg gløymer ikkje kor dum eg følte meg då to personar (som hadde vore aktive i reisinga av samfunnshuset) spurde meg om kor stor startkapital vi hadde no då vi skulle byggja nytt bedehus. Eg måtte sanna at vi ikkje hadde pengar, men rekna med å få inn midlar etter kvart. Eg prøvde forsvara meg med at mange hadde lova å støtta arbeidet, men eg våga ikkje å fortelja at vi hadde ei skuld på 1.500 kr etter oppussinga av det gamle bedehuset.

Samtalen enda med at dei kom med sterke formaningar om at vi ikkje måtte gje oss ut på glattisen, og dei streka sterkt under at i tillegg til rente og avdrag, ville det koma forsikringar, straumrekningar og vedlikehald. «Vi i samfunnshuset har store problem med å greia driftsutgiftene, og kva inntekt vil de få i høve til det vi får inn på festar og andre tilstellingar», hevda dei vidare. Denne samtalen kom levande for meg då rekneskapen på årsmøtet i 1992 fortalde at bedehuset hadde 190.955 kr. i banken, og at desse pengane skulle brukast til vedlikehald. Men eg kan ikkje slutta med denne samtalen, eg må fortelja om ei anna samtale vi hadde etter at huset var vigsla. Eg minna dei om samtalen vi hadde i 1971, og dei måtte sanna at det var «fantastisk», for å bruka deira uttrykksmåte, og dei sanna at det var andre krefter som motiverte misjonsfolket til innsats.