Du finn oss på Bygstad bedehus

Du finn oss på Bygstad bedehus

Bygstad Bedehus har vore eit begrep i fleire mansaldrar her i Bygstad. Heilt sidan Bygstad Indremisjon vart stifta i 1902 har indremisjonsfolket ivra for bedehuset. Det første huset vart bygt nede i Eidevikja og vart viksla i 1905. Det tente folket i mange år. I 1977 vart nytt bedehus viksla på Eide, ikkje langt frå kyrkja.

Bedehuset er ein viktig resurs i arbeidet til Bygstad Indremisjon. Likevel er det også ei utfordring å vere huseigar. Det er alltid eit eller anna som skal haldast vedlike og fornyast. For ei tid tilbake har styret for Bygstad Indremisjon nemt opp ei gruppe på 4 personar som skal arbeide med det praktiske på bedehuset. No er bedehuset 40 år og det er trong for ei større opprusting. Dette vil verte hovudoppgåva til «bedehusgruppa» i tida framover. Aktiviteten på bedehuset har auka monaleg og vi må sjå på korleis vi kan få til eit hus som kan tene oss i dei neste 40 åra. Vi er i ein planleggingsfase for å finne ut kva som må gjerast og korleis.