Bygstad Indremisjon

Bygstad Indremisjon

Bygstad Indremisjon byggjer arbeidet sitt på Bibelen som Guds ord og på den evangelisk lutherske vedkjenninga.

Vår visjon er eit levande og inkluderande fellesskap på tvers av generasjonane.
Jesus seier i Johannes 14,6. «Eg er vegen, sanninga og livet».

  • Jesus døde på korset som ei soning for våre synder, og han tok vår skuld på seg. Ved denne handlinga gjenoppretta Jesus kontakten mellom Gud og menneska. Jesus er vegen til Gud. Sanninga er at Gud elskar kvart enkelt menneske og han ynskjer ein relasjon med oss. Vi er uendelig verdifulle og dyrebare for Gud.
  • John 3,16 «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv».
  • Får denne sanninga slå rot i hjartet ditt er det den største glede og den største skatten du kan få. Det å ha Jesus i hjertet gjev glede, håp og forventning til livet.
  • I alt vårt arbeid ynskjer vi å ha fokus på Jesus som vår frelsar og venn.

Velkommen til bedehuset og dei ulike arrangementa som vi har.

I tillegg til vår fast tilsette «foreningsarbeidar» baserer vi arbeidet vårt i stor grad på frivilleg innsats.