Vedtekne på årsmøtet for Bygstad indremisjon 10. februar 2013
§1 Grunnlag
Bygstad indremisjonsforsamling byggjer arbeidet på Bibelen som Guds ord og på den evangelisk lutherske vedkjenninga. På dette grunnlaget driv forsamlinga alt arbeidet sitt, kallar frivillige og kan tilsetje arbeidarar.
§2 Føremål
Bygstad indremisjonsforsamling har som mål å fremje Guds rikes arbeid og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid i bygda. For å nå dette målet vil vi til ei kvar tid forkynne Guds ord slik det er tenleg.
§3 Status
Bygstad indremisjonsforsamling er samansett av dei medlemene som melder seg inn og som er einige i §§ 1 og 2 og vedkjenner seg den kristne trua og betalar den årlege kontingenten som årsmøtet har fastsett. Bygstad indremisjon er tilslutta Indremisjonsforbundet gjennom Sogn og Fjordane indremisjon.
§4 Årsmøtet
A Årsmøtet er det øvste organet for viktige avgjerder i Bygstad indremisjon. Årsmøtet skal haldast
kvart år innan utgangen av februar. Alle som har vore medlemer i eit år og har fylt 15 år, har røysterett i årsmøtet. Alle nye medlemer har møte og talerett.
Styret for Sogn og Fjordane indremisjon kan sende ein utsending til årsmøtet. Denne har talerett men ikkje røysterett.
B Årsmøtet handsamar styret si årsmelding, reviderte årsrekneskap for Bygstad indremisjon og Bygstad bedehus, lovendringar og andre saker som styret eller medlemene legg fram.
C Årsmøtet vel leiar til styret , styremedlemer og varamedlemer. Årsmøtet vel også revisorar og ei valnemnd på 3 personar. Årsmøtet kan også velje eit eige hyrde og læreråd for forsamlinga.
D Årsmøtet gjer vedtak med avrøysting og vanleg fleirtal. Lovendring krev 2/3 fleirtal.
E Dersom nokon ynskjer ei sak fram for årsmøtet må denne vere send til styret seinast 2 månader før årsmøtet. Berre styret og medlemene i forsamlinga kan fremje forslag til lovendring.
F Ekstraordinært årsmøte kan samankallast når fleirtalet av styremedlemene eller minst halvparten av forsamlingsmedlemene bed om det.
§ 5 Styret
A Bygstad indremisjonsforsamling er leia av eit styre som har øvste avgjerdsmynde mellom årsmøta.
B Styret for Bygstad indremisjon er også styre for Bygstad bedehus.
C Styret har 7 mdlemer. Leiar vert vald av årsmøtet for eit år om gongen. Dei andre styremedlemene vert valde for to år om gongen, slik at kvart år er tre styremedlemer på val. Desse kan attveljast, men ingen kan vere lenger i styret enn 8 år samanhengande. Styret har 3 varamedlemer som er valde for eit år. Første varamann møter fast i styret. Styret er vedtaksføre når minst fire medlemer er tilstades. Styret konstituerer seg sjølv med nestleiar og sekretær og evt andre funksjonar.
D Forsamlingsleiaren møter i styret med tale og forslagsrett, men ikkje røysterett.
E Styret held møte når leiar kallar inn til dette eller når eit fleirtal av styremedlemene krev det.
§ 6 Styret sine oppgåver
A Styret skal
· iverksetje og føre kontroll med vedtak frå årsmøtet
· forvalte og føre kontroll med økonomien til Bygstad indremisjon og Bygstad bedehus. Større økonomiske saker må leggast fram for krinsstyret til orientering og handsamast av forsamlinga sitt årsmøte.
· Syte for at arbeidet er drive i samsvar med Bygstad indremisjon sine lover.
B Styret er juridisk ansvarleg.
C Styret kan kalle og tilsetje arbeidarar som indremisjonsforsamlinga treng i samråd med styret for Sogn og Fjordane indremisjon. Arbeidarane vert formelt tilsett og løna av krinsen i følgje gjeldande løns og arbeidsvilkår.
D Styret kallar inn til årsmøte og tilrettelegg alle sakene som skal handsamast av årsmøtet.
§ 7 Hyrde og læreråd
A Hyrde og læreråd kan vere samansett av 3 menn som har tillit i forsamlinga. Forsamlingsleiaren , der ein slik er tilsett, er ein av dei tre. Hyrde og lærerådet har åndeleg hyrdeomsorg for medlemene. Det skal sjå til at forkynninga og forsamlingslivet er i samsvar med Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenninga. Ved avvik eller lærestrid har hyrde og lærerådet ansvar for rettleiing og formaning.
B Medlemer som lever i strid med Guds ord skal handsamast etter Matt 18, 15-18. Medlemer som ikkje lever i samsvar med § 3 første ledd i denne lova, kan utestengast frå forsamlinga.
C Oppgåvene i rådet vert fordelte etter utrustning og nådegåver. Rådet innstiller til styret ved kall av tilsette og frivillige arbeidarar.
§ 8 Opphøyr
Skulle Bygstad indremisjon verte nedlagt eller oppløyst, vil eigedom og innbu tilfalle Sogn og Fjordane indremisjon.
§ 9 Lovendring
Årsmøtet i Bygstad indremisjon kan endre denne lova med 2/3 fleirtal, jmfr § 4,d og e. §§ 1 og 2 kan ikkje endrast.