Øverst på plakaten

Øverst på plakaten

Bygstad Indremisjon avlyser alle møter og tilstellingar inntil vidare.

Som ei følje av dette vil vi i tida framover prøve å få til ein informasjonskanal på nettet. Ei gruppe arbeider med å lage til korte nettbaserte video-sendingar. Vi er truleg på lufta i neste veke. (veke 14)

2 komentarar

  1. Ola Dag

    Kjekt å besøke Bygstad bedehus, søndag kveld. Fint å høyre halvparten av Marit og Irene………..Eg høyrde dei her også i 1982, på innsamlingsaksjon for Bibelskulen på Bildøy. Vurderte å gå på Bildøy, men så blei det MF i staden. Ikkje Menighetsfakultetet, men Massey Ferguson. Så var eg med i eit kor som besøkte bedehuset under 10-års jubileumet. Der tala Mikael Landro om ein song som hadde betydd mykje for mange; Du kan ikke tro, å men kjære, så hør. Også i Danmark møtte han fleire som denne songen hadde betydd mykje for. -Og der var det «Kaffi mellom møderne» Eg tok denne hendinga fram på eit Krf-møte på Sunnfjord hotell. Krf-songen «Det lyder et kall—-» har jo same tone. Ei spesiell oppleving å kjenne eit nærvær av Den heilage Ande- i den runde sal på hotellet i Førde……..

    e

    • Jostein

      Velkomen attende; møta fortset ut veka med avslutningsmøte på sundag kl 11.00. Fekk hug til å dela tredje verset i songen som du nemde. Det er bodskapen du får høyra: At det var ein som var villeg å døy i vår stad for at vi skulle oppnå frelse.

      3. Ja, blodet som rant, det har runnet for deg.
      Gud godtok det offer han brakte.
      Det gjelder for alle, for deg som for meg.
      For oss var det døden han smakte.
      Rettferdige er vi i Jesus.

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.