Konfirmasjon i Sunnfjord 2018

Konfirmasjon i Sunnfjord 2018

Vil du delta på konfirmasjonsundervisning i regi av NLM Fjordane og Bygstad og Holmedal Indremisjon hausten 2017 og våren 2018?
Dette er eit opplegg som er åpent for alle, uavhenging av medlemskap i NLM eller ImF.

VISJON for konfirmantarbeidet
Guds ord lærer oss at barna skal døypast og lærast slik Jesus uttrykkjer det i Matt.28:18-20. Konfirmanten skal, i løpet av konfirmasjonstida, få møte Den Treeinige Gud, blir betre kjend med Han, verte inkludert i det kristne fellesskapet og få hjelp til eit personleg frigjort kristenliv. Dette skal skje i samsvar med den lutherske vedkjenninga.
I undervisninga har vi klare læringsmål. Samtidig er det ikkje berre kunnskap vi vil formidle. Hovudsaka er at konfirmanten møter eit levande ord og ein levande Herre og Frelsar:
«De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus.»
2. Pet 3,18

Form

  • Konfirmantsamlingane
    Det vert samlingar/undervisning anna kvar veke gjennom skuleåret. Nokon endringar og tilpassingar skjer i forhold til ferie, heilagdagar o.l. Samlingane vil haldast på måndagar kl.19:00 – 20:30. Stad for samlingane blir endelig bestemt etter påmelding. I år har samlingane vert på Bygstad bedehus.
  • Weekend
    Ein ynskjer å oppmode konfirmantane til å delta på TABU. Dette er leirhelgar for ungdom som vert haldne rundt om i Sunnfjord, to om hausten og to om våren.
    I tillegg legg vi opp til ein eigen konfirmantweekend om våren som er obligatorisk.
  • Oppgåver i konfirmanttida
    Konfirmantane skal delta på 10 møter i løpet av konfirmasjonstida. På 4 av desse skal dei ha teneste (2 om hausten og 2 om våren). Dette kan f.eks. være skriftlesing, vitnesbyrd, forsongar, teknikk (lyd/tekst), praktisk, barneopplegg. Desse møta kan vere lokalt forankra, t.d i Holmedal, i Bygstad eller på Skilbrei. Konfirmantane skal fylle ut eit skjema om møtet som skal signerast av møteleiar.
  • Kostnader
    Eigenandelen er sett til kroner 1500 for året. I tillegg kjem kostnad med obligatorisk konfirmantweekend.
  • Informasjonsmøte
    2. april kl. 15.30 blir det eit informasjonsmøte om konfirmasjonsopplegget
    på Skilbrei.
  • Påmelding
    Ønskjer påmelding innan 30. april. For påmelding og informasjon, ta kontakt med:

Sunnfjord Misjonsforsamling
v/Nils Helge Friborg
tlf: 41214223 eller e-post nhfriborg@gmail.com

Informasjon vi treng:
Namn på konfirmant, adresse, telefonnr, e-post, fødselsdato.
Namn foresatte, adresse, telefonnr., epost