Godt nyttår 2020

Godt nyttår 2020

Så har vi gått inn i det nye året 2020. Ofte når ein ser at eit år er over, tar eg eit tilbakeblikk på året som gjekk. For meg var 2019 prega av både oppturar og nedturar. Men eg ser at Jesus har gått med. Han er alltid trufast. Eg ser også at vi som familie har fått sett fleire store bønneemner besvart. Ting vi har bedt om i årevis, har Jesus svart på i år. Så eg sit igjen med sanninga om at Jesus er trufast og hans nåde er nok for meg.

 

Når vi så går inn i eit nytt år kjenner eg på forventningar. Kva vil 2020 bringe? Vil vi oppleve at menneske rundt oss vert fornya og frelst. Vil Jesus hente oss heim snart? Kva skjer ute i den store verda? Og kva forandringar vil skje i vårt land?

Ein ting er for visst. Dette er ein lovnad frå Herren frå Hebr 13:5

«Eg sviktar deg ikkje og forlet deg ikkje»

Dette kan vi kvile i og stol på.  Og vissheten om at hans nåde er ny kvar morgon gjer at vi kan komme til han igjen og igjen. Hos Han finn vi nåde.

Jesus er absolutt det einaste sikre vi kan basere livet vårt på i 2020

Godt nytt år.

Venleg helsing

Linda Rusken Santistevan

Forsamlingsarbeider

 

0 komentarar

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.