Gud er trufast

Gud er trufast

I denne førjulstida sit eg og kjenner på ei uendeleg takksemd til Jesus for han er så trufast mot oss. Dette året har vore svært tøft for oss. Mannen min har vore sjuk i åtte månedar og korkje klart å gå på jobb, gå på tur, ta del i familielivet eller andre oppgaver. Heile denne tida opplevde vi at Jesus sa vi skulle stole på han. Mannen min skulle bli frisk igjen. Og sjølv om det så heilt bekmørkt ut proklamerte vi mange mange gongar dagleg at ved Jesus sine sår har du fått legedom. Vi valgte å sette vår lit til Jesus når legane ikkje fant ut kva som feila. Og etter åtte måneder kom bønnesvaret vårt. Mannen min var åleine og opplevde at Jesus sa reis deg og gå ut på tur. To gonger måtte han seie det før mannen min responderte. Når han hadde komt opp på høgda talte Jesus igjen og sa no snur alt – spring heim igjen!!!! Når han kom heim var han heilt frisk.
Så vårt vitnemål er at uansett korleis omstendighetene ser ut veit vi at Jesus er trufast og det er bønnesvar undervegs.

0 komentarar

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.