Innlegg frå: august 2016
Heimeside for Bygstad Indremisjon
Endeleg har Bygstad indremisjon fått oppretta si eiga heimeside. Vi i styret håper at vi med den har fått eit nyttig redskap til formidling av bodskapen og ein god kanal for informasjon om møter og tilstellingar.
Velkomen til oss
Bygstad Indremisjonsforsamling byggjer arbeidet på Bibelen som Guds ord og på den evangelisk lutherske vedkjenninga. Vår visjon er eit levande og inkluderande fellesskap på tvers av generasjonane. Jesus seier i Johannes 14,6. «Eg er vegen, sanninga og livet». Jesus døde på korset som ei soning for våre synder, og han tok vår skuld på seg. Ved denne handlinga gjenoppretta…