Ymse
Ver med og be for ein av våre medlemar.
Luk 5.17 Ein dag heldt han på og underviste, og der sat farisearar og lovlærarar som var komne frå alle landsbyane i Galilea og frå Judea og Jerusalem. Jesus hadde Herrens kraft så han kunne lækja.
Heimeside for Bygstad Indremisjon
Endeleg har Bygstad indremisjon fått oppretta si eiga heimeside. Vi i styret håper at vi med den har fått eit nyttig redskap til formidling av bodskapen og ein god kanal for informasjon om møter og tilstellingar.
Velkomen til oss
Bygstad Indremisjonsforsamling byggjer arbeidet på Bibelen som Guds ord og på den evangelisk lutherske vedkjenninga. Vår visjon er eit levande og inkluderande fellesskap på tvers av generasjonane. Jesus seier i Johannes 14,6. «Eg er vegen, sanninga og livet». Jesus døde på korset som ei soning for våre synder, og han tok vår skuld på seg. Ved denne handlinga gjenoppretta…
Andakt
«Eg blei annleis. Eg som før ikkje fekk til å være kristen, endelig forstod eg at det er fordi eg ikkje får til å være kristen sjølv, at eg treng Jesus og hans nåde.» Eg vaks opp i ein kristen heim og var med på barneforening, yngres, søndagskule og andre aktivitetar. Mamma og pappa ba med meg kvar kveld og eg trudde på Jesus frå eg var liten av. Men i tenåra…
Velkomen til oss og vårt fellesskap!
Henta frå våre lover: Bygstad indremisjonsforsamling har som mål å fremje Guds rikes arbeid og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid i bygda. For å nå dette målet vil vi til ei kvar tid forkynne Guds ord slik det er tenleg. Vi har eit klart mål gjennom våre lover «….fremje Guds rikes arbeid..» og det skal vi forsette med. Vidare ser vi at vi har valt oss eit…