«Eg blei annleis. Eg som før ikkje fekk til å være kristen, endelig forstod eg at det er fordi eg ikkje får til å være kristen sjølv, at eg treng Jesus og hans nåde.»
Eg vaks opp i ein kristen heim og var med på barneforening, yngres, søndagskule og andre aktivitetar. Mamma og pappa ba med meg kvar kveld og eg trudde på Jesus frå eg var liten av. Men i tenåra ville eg være ganske tøff og valgte derfor vekk Jesus. Eg fekk ikkje til å være kristen. Klarte ikkje å leve sånn eg trudde eg burde. Eg hadde ikkje forstått at det å være ein kristen handlar om Jesus sin nåde til meg fordi eg ikkje klarer det i meg sjølv.
I tenåra var eg derfor redd for å dø. For eg visste at eg då ville gå fortapt. Medan eg studerte vart eg utplassert på Karmøy. Eg var der i tre mnd og kjente ingen. Eg hadde med Bibelen og begynte å lese i den. Det står masse spennande der og mange lovnader.
Det gjekk eit år og eg var veldig plaga med migrene. Ein kveld var det heilt forferdelig og eg låg i senga og grein. Eg ba. Jesus eg har lest at du kan helbrede og eg trur virkelig du kan. Vil du helbrede meg no. Eg kjente ein varme gå oppover heile ryggraden min og høyrde eit klikk øverst i nakken der problemet satt. Eg blei helbreda.
Eit par månander seinare var eg og systra mi i Israel. Der i Christchurch som er rett innfor murane i gamlebyen i Jerusalem viste Gud meg kor høgt han elska meg. Han sa; du veit kor høgt pappaen din elska deg? Ja sa eg. Eg elska deg så høgt at eg døde for deg!!!! Då tok eg imot Jesus som min frelsar.
Eg blei annleis. Eg som før ikkje fekk til å være kristen, endelig forstod eg at det er fordi eg ikkje får til å være kristen sjølv, at eg treng Jesus og hans nåde.
Så det handlar om nåde.
Efesarane 2:8
Av nåde er de frelst ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.
Før Adam og Eva åt av treet i hagen som ville gje kunnskap om godt og vondt og som Gud hadde sagt dei ikkje skulle ete av, hadde dei og Gud eit perfekt forhold. Gud gjekk i Edens hage sammen med dei og dei kjente kvarandre. Etter at dei hadde ete av treet og synda hadde komme inn i verda, høyrde dei at Gud gjekk i hagen og dei gøymde seg for dei var skamfulle – dei var jo nakne. For å vite at det var Gud som gjekk der måtte dei gjenkjenne skritta hans. Eg kan gjenkjenne skritta til nokre av dei som står meg aller nærmast. Sånn måtte det være med dei og. Dei kjente kvarandre virkelig.
Adam og Eva måtte forlate Edens hage og begynne eit mykje hardare liv utenfor. Kanskje tenker du; Jammen var no Gud streng og hard. Men grunnen til at han sende dei ut av Edens hage var at dei ikkje også skulle ete av livets tre så dei måtte leve evig.
Med synda kom det eit skille mellom Gud og menneska inn i verda. Då begynte Gud å tenke korleis kan eg redde menneska som eg har skapt og som eg elskar så uendeleg høgt.
Johannes 3:16-17
For så høgt elska Gud verda at han gav sonen sin dei einaste, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt men ha evig liv.
Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
Jesus er blitt reddningen vår. Han er ikkje kommen for å dømme oss. Mange vil tenke; men korleis kan han være ein kjærlig Gud når nokon kjem til himmelen og nokon går fortapt når ein dør. Det er jo å dømme verda. Men vi var alle på veg til fortapelsen fordi vi syndar. Han sende Jesus for å redde oss. Jesus blei redninga vår! Og så utrulig enkelt er det faktisk
For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige for Gud, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste. (Rom. 10, 9)
Så då er vi frelst av nåde fordi vi trur og bekjenner. Men betyr det at vi kan synde alt vi vil og så kan vi berre be om unnskyldning etterpå.
Nei, naturligvis ikkje.
Vi veit innerst inne kva som er rett og galt. Dette er ting vi har lært heime, på skulen, gjennom samfunnet vi lever i og gjennom ting vi har høyrt i Bibelen.
Nei det å være kristen, det betyr at eg velger å prøve å leve sånn som eg veit er riktig. Det kan være ved å være ærlig, ikkje baktale, hjelpe andre osv. Men det betyr også at inn i mellom så gjer eg feil. Det gjer vi alle. Då går vi til Jesus og ber han om å tilgi oss. Viss vi har såra andre, uansett kor vanskeleg det kan være, ber vi om tilgivelse til den vi såra. Og vi ber Jesus om hjelp til å ikkje gjere samme feilen igjen og igjen……. likevel gjer vi det av og til. Og igjen og igjen får eg komme til han å be om tilgivelse.
Eg har ein beste venn i Jesus. Han er frelsaren min. Han veiledar meg når eg skal ta valg og svarer når eg ber. Eg prøver å sjå på meg sjølv gjennom hans auge. Han synest eg er fantastisk. Han er så stolt av meg og fornøgd med meg. Han ser ei fantastisk framtid for meg. Han frydar seg og gledar seg over meg. Som mor forstår eg dette. Sånn er min kjærlighet til ungane mine også. Og sånn ser han på deg og. Eg kjenner stemma hans fordi eg har brukt tid sammen med han. Det kan være bibelord han minner meg om, ei indre stemme når eg ber. Av og til kan eg være andre sitt bønnesvar.
Ein gong opplevde eg at Jesus talte til meg under lovsongen på eit møte. Han ba meg gå bort til ei jente eg kjente, gi henne ein skikkelig klem og fortelle henne at Han elska henne. Først tenkte eg; Å nei….. kanskje kom eg på dette sjølv. Men eg valgte å være lydig og gjekk bort å gjorde det. Ho begynte å gråte. Ho hadde akkurat bedt Jesus om å vise henne kor høgt han elska henne:)
Mitt ønske er at alle skal få oppleve Jesus som den beste venn og Freslar han faktisk er.
Han lengtar etter å få være akkurat det for deg og. Han døde for deg for at du skulle ha sjansen til å kunne bli redda for livet og evigheten av han.
Ikkje gå igjennom livet og tenk eg kan bli kristen seinare. Ta eit standpunkt. Be han om å komme inn i livet ditt og være din Frelsar eller velg å la være.
I dag har du ein mulighet til akkurat dette valget.