Ein song som heiter «It’s About the Cross» av den amerikanske gruppa The Ball Brothers har sett perspetiv på tankane mine fram til jul. Kvifor feirer vi jul, kva var Guds plan? Vi syng med humor «og jula varer heilt til påske» har du tenkt på kor sant det er?
Det er handlar ikkje berre om krybba der Jesu-barnet låg
Det handlar ikkje om englar som sang for han ei natt
Det handlar ikkje om gjetarane eller ei blinkande stjerne
Det handlar ikkje om dei vise menn som kom i frå austerland
Det handlar om krossen Det handlar om mi synd
Det handlar om korleis Jesus kom for å bli fødd ein gang til frelse for våre synder
Det handlar om steinen som vart rulla til side slik at vi ein dag skal få eit evig liv
Det handlar om krossen
Det er starten på historia som er vakker og stor
men det er slutten som kan frelse deg så derfor feirar vi jul igjen.
0 komentarar