På veg inn i eit nytt år

På veg inn i eit nytt år

Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?»

No kan vi skrive 2018. Kva for forventningar har du for det nye året? Er det noko du har tenkt du skal starte med eller noko som skal fullførast? Nyttårsforsett er ein komplisert ting som kanskje ikkje fører til så mykje anna enn dårleg samvet når ein ikkje lukkast med det ein har sett seg føre. For ei tid tilbake fekk eg ein bibelleseplan; Kronologisk Bibelleseplan, Bibelen på 365 dagar. Dette høyrest ambisiøst ut. For nokon vil det ikkje vere noko problem å få det til, andre vil ha problem med å gjennomføre det.

Intensjonen med å skrive dette er ikkje ei oppfordring til deg at du skal  sette deg eit nyttårsforsett, men heller å få til ein refleksjon over kvifor vi les Bibelen og kvifor vi bør lese. Alle og ein kvar kan vel innrømme at ein les for lite i Gusds ord. Det er trist for då går vi glipp av mykje som Gud vil sei oss både til trøyst, rettleing og styrking av Gudslivet vårt. Mitt råd; finn ein bibelleseplan som passar deg og bruk den.

I dag finst Bibelen på mange «plattformer». Du kan lese den på telefonen din, nettbrett ditt eller høyre den som lydbok . Mange vil fortsatt foretrekke bibelen som ei bok der ein kan gjere sine eigne markeringar. Du veit sjølv kva som passar deg best.

 

0 komentarar

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.