Avlysing av møter og tilstellingar grunna koronaviruset

Avlysing av møter og tilstellingar grunna koronaviruset

Bygstad Indremisjon har den siste tida fylgt nøye med på utviklinga av koronaviruset. I dag har mange kommunar og staten innført strengare tiltak for å forhindre smitte av viruset. Bygstad Indremisjon vil vere med på dugnaden som blir oppmuntra til frå staten si side. I solidaritet med dei som er er sårbare i denne situasjonen og dei som er smitta, vel vi å avlyse planlagde møter og tilstellingar framover.

Sjå kva Imf sentralt skriv om dette

Vi kjem til å følje situasjonen nøye i tida framover og kome tilbake med opplysningar om når vi startar opp igjen med normal aktivitet. Styret vil sterkt oppmode om å rette seg etter informasjon og råd gjeven av myndigheitene. Sunnfjord kommune

I denne tida når uro og bekymringar kan spreie seg er det viktig at vi viser omsorg for kvarandre. Vi oppmodar alle til å be for land og folk i denne situasjonen

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.
Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk. De skal søkja meg, og de skal finna meg. Når de søkjer meg av eit heilt hjarte, lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden for dykk og samla dykk frå alle dei folkeslag og stader som eg har drive dykk bort til, seier Herren. Eg skal føra dykk til den staden eg førte dykk bort frå i eksil.
Jer 29, 11-14

0 komentarar

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.