Vi testar ut ein app; Wp Church

Vi testar ut ein app; Wp Church

I dagens samfunn er vi vorte heilt avhengige av telefonen vår. Det er nesten ikkje den ting vi ikkje brukar den til – som kan vere både «godt og gale». Vi i Bygstad Indremisjon lyt følje med i tida så vi har fått knytta ein «App» til informasjonen som ligg på heimesida vår. Tanken med den er at vi lettare skal nå ut med informasjon til dei som har ei eller anna oppgåve i samband med møter og tilstellingar. Appen heiter Wp Church og finst både for iOS og Android. Du lastar den ned og installer den på din telefon eller nettbrett.

Når den er lasta ned kan du velje språk og i feltet under kan du skrive inn «By» så vil Bygstad indremisjon komme opp – vel den. Dei som tek den i bruk vil få passord ved å vende seg til jostein@bygstadindremisjon.no for å få tilgang til personlege data og personleg arbeidsplan.

Den kan brukast til: Du får basisinformasjon om Bygstad Indremisjon. Du kan få tilgang til adresselista vår. Bibelleseplan. Tilgang til lydfiler av taler. Nyheiter. Sjå og legge inn bøneemner. Oversikt over arbeidsplaner/oppgåver. Dine personlege arbeidsplanar. Du vil få meldingar i appen då det kjem ny info.

0 komentarar

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.