Velkomen til oss og vårt fellesskap!

Velkomen til oss og vårt fellesskap!

Henta frå våre lover:

  • Bygstad indremisjonsforsamling har som mål å fremje Guds rikes arbeid og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid i bygda. For å nå dette målet vil vi til ei kvar tid forkynne Guds ord slik det er tenleg.

Vi har eit klart mål gjennom våre lover «….fremje Guds rikes arbeid..» og det skal vi forsette med. Vidare ser vi at vi har valt oss eit område for arbeidet vårt; nemleg «…bygda.». Av tradisjon veit vi at arbeidet vårt er for både barn, unge og gamle. Ei av dei stor utfordringane er å kunne tilby eit arbeid for alle aldersgrupper.

Med å sei i lovene «….til ei kvar tid forkynne Guds ord slik det er tenleg.» har vi gitt oss eit kontinuerlig arbeid. Likeins er vi forplikta av Guds ord til å bringe hans ord vidare til våre medmenneske.

«Matt 28,19 Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.» Og vidare kan vi lese i «Ef 3,7-9 Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve. 8 Ja, til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9 og føra Guds frelseplan fram i lyset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt.»

Neste
Andakt